Gyldendals høstfest

Gyldendals høstfest
Kolon-forfatterne Nils Chr. Moe-Repstad og Bjørn Skogmo,
med Gyldendals Tor Brauti.
Foto: Torleiv Grue

Moden, skjør som eit egg






Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

På syttitalet skreiv Tramteatret songen “Naken greve jager neger med øks” som parodi på overskrifter i skandalepressa. Denne tittelen ramlar meg i hug når eg får bokdebuten til Bjørn Skogmo mellom hendene, skriv Steinar Lillehaug.

Bjørn Skogmo:
Han byttet meg bort med en Studebaker
Kolon 1999

Han byttet meg bort med en Studebaker får ein til å tenkje på meir enn eitt særtrekk ved det samfunnet vi lever i.

Forbrukarmentaliteten, tingleggjøringa av tilhøve mellom menneske, amerikaniseringa, kjønnskampen og privatbilismen. Og sjølv om Bjørn Skogmo kjem med bok først nå, har han vore til stades i det litterære landskapet i nær på tretti år, så om han skulle ha med seg noe frå syttitalet, ville det ikkje vera det minste rart.

Boka har fått sjangernemninga “prosa” og ho held det tittelen lovar. Den første av dei tre bolkane er ein slags punktroman, og det er her studebakeren kjem inn. Historia blir fortald av ho som blir bytta bort mot denne bilen, noe ho synest er heilt i orden, ettersom det viser kor stor pris mannen set på ho.

Det er bilen som er sentral i denne avdelinga; vi finn han i ei verd vi kjenner frå den amerikaniserte kulturen - ei verd som er prega av så vel religion som avansert teknologi, der seksualitet er kopla med vald, der naturen både er forstyrrande og noe ein lengtar etter, og der countrymusikarar står for akkompagnementet.

Den andre delen, “Kort besøk”, er sett saman av 31 stutte tekstar. Det er ikkje så lite lesaren får med seg på dette besøket; det kan sjå ut som om Skogmo prøver å gi ei nesten uttømmande skildring av korleis det er å leve i samfunnet vårt i dag. Ein forteljar er opent til stades i dei fleste tekstane, enten som betraktar eller som deltakar, og dei handlar om oppvekst og aldring, dei nære ting og det globale, det urbane og det landlege, kjærleik og kjensler, og mye anna. Midtvegs tar han for seg romanen Autistene av Stig Larsson, eit sentralt verk i moderne nordisk litteratur, og krev meir maskulinitet og kanskje også meir saklegheit. Han blir i alle fall meir sakleg sjølv; fleire av tekstane som følgjer, er klipp frå ulike slags reportasjar. Og midt i saklegheita bryt han inn med eit optimistisk dikt!

Dei siste tre tekstane er samla under overskrifta “Ut”, og her handlar det om reiser, alderdom, universet og døden. Skogmo er ikkje redd for å gi seg i kast med dei store spørsmåla, og han gir heldigvis ingen svar, sjølv om ein kan finne hint somme stader. Boka er lita av omfang, men innhaldet er langt frå bagatellmessig. Det står at ho inneheld prosa, men poesien er ikkje langt unna. Tonen er barsk og var på same tid, det er både engasjement og humor her, og sjølv om boka neppe blir ein klassikar, er det nok mange som vil setta pris på denne debutanten. Eg har mistanke om at forteljaren i teksten “Måne” står forfattaren nær: “Jeg har vokst opp gjennom håret og fått måne, sier de. Men jeg har ikke vokst, bare blitt moden, skjør som et egg”.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid