Gyldendals høstfest

Gyldendals høstfest
Kolon-forfatterne Nils Chr. Moe-Repstad og Bjørn Skogmo,
med Gyldendals Tor Brauti.
Foto: Torleiv Grue

jungel.bok




Morgenbladet 21. - 27. mai 2004
Av Olaug Nilssen (utdrag)


Jungel.bok og Vemund Solheim Ådlands Sep pran ek er dei første to utgjevingane til Biblioteket Gasspedal. I informasjonsbrevet frå opphavsmenneska, blir biblioteket presentert som ein ny bokserie som skal bestå av tjue sider lange bøker i a6-format. Målet med dette er å «gå på tvers av form- og formatformateringen i norsk litteratur». Gasspedal er ein «aktivitetslabel» som står bak ulike arrangement og utgjevingar, og er frå før best kjent som utgjevar av fanzina Grønn Kylling (arb.tittel).

I jungel.bok skriv Bjørn Skogmo om den latinamerikanske forfattaren José Maria Arguedas. Eg visste ikkje kven han var, og det er noko med tonen i boka som fekk meg til å slå opp i bøker for å finne ut om Arguedas verkeleg fanst, for viss han ikkje gjorde det, kunne eg godt ha forstått denne teksten som ei skildring av ein typisk forfattar: ein som slit med å få sagt det han vil seie, og som difor utstyrer ettertida med dagbøker som «redegjør for problemene med stoffet».

Den unge, «altfor unge» studenten i jungel.bok har som mål å få nærmare forståing for Arguedas, og i arbeidet med dette viser han at han har dei samme problema med å «sette i gang» med Arguedas-forståing som Arguedas sjølv hadde med å skrive romanen Reven der oppe og reven der nede. Om vi skal tru det Skogmo fortel, drøymte Arguedas om å vere både poet og industrimann, men han var utilstrekkeleg på begge område, og ende opp som prosaist. I litteraturen er ein imidlertid alltid utilstrekkeleg, ettersom det er umogeleg «å tolke denne verdens grenser og hierarkier»; ein må alltid starte på nytt og på nytt for å få med alt.

Tekstane i jungel.bok har ein mørkare og meir høgtideleg tone enn tekstane i Under holdning, og dei har ein meir openberr samanheng: den unge studenten si reise inn i Arguedas-land; både inn i Latin-Amerika, utmagra av europeisk ressurstjuveri, inn i biografien, inn i litteraturfilosofien og inn i litteraturen.

Ein skulle kanskje tru at tjue sider er litt lite, men det kjem jo altså an på kva for form- og formatformatering ein forventar. Eg synest jungel.bok er ein flott liten sak; ei konsentrert oppleving, og gode tekstar.

Bjørn Skogmo:
jungel.bok
20 sider. Biblioteket Gasspedal. 2003